Vintervedlikehald av vegane i Finnøy kommune

Vegnettet i Finnøy kommune består av både fylkesvegar og kommunale vegar. Når det gjeld vintervedlikehald på dei kommunale vegane er det inngått avtale til og med 2020 med Roda Maskin. Desse underleverandørane utfører vintervedlikehald på dei kommunale vegane på vegne av Roda Maskin:

Finnøy og Talgje: Roda Agri Maskin

Fogn: Trygve Sandanger

Ombo: Per Gunnar Lindanger

Sjernarøy: Sjernarøy Bygdaservice

Halsnøy: Leif Inge Eike

I avtalen ligg det krav om at det er oppdragstakar sjølv som skal kartleggje behovet for vintervedlikehald. Statens vegvesen sine retningsliner i Handbok 111 for riksvegar skal nyttast som rettleiande for dei kommunale vegane i kommunen. Ein har her lagd seg på at vintervedlikehaldet skal utførast i høve til Vintervegklasse DKE som er lågaste vintervegklassen for vegar frå 500-3000 ÅDT (årsdøgntrafikk mengde)

Ein kan kort nemne at det i avtala også ligg krav om følgjande:

  • Ved snøfall som fører til brøytebehov, skal vegen vera gjort framkomeleg innan kl 07.00, slik at han kan nyttast av folk som skal reisa på arbeid om morgonen.
  • For øyane utan fastlandsforbindelse skal vegen vere framkomeleg til første båtavgang om morgonen.

Drift & utbyggingsavdelinga

 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 09.01.2017
 
Login for redigering