Vil du segla med Tall Ships Races i juli?

 Finnøy kommune lyser ut ein medseglarplass. Søknadsfrist er 15. mars.

Tall Ships Races - Klikk for stort bilete

 I år er Stavanger vertshamn i The Tall Ships Races i juli. Finnøy kommune yter tilskot til ein medseglarsplass på overfarten frå Esbjerg (Danmark) til Stavanger, 20. til 28. juli.

 

The Tall Ships Races er eit ungdomsarrangement som har som målsetting å få ungdom mellom 15 og 25 år til å møtast i vennskapeleg seglingsmiljø på tvers av nasjonalitet, kultur, religion, kjønn og sosial bakgrunn. Som medseglar får du møta ungdommar frå andre land og med ein heilt annan bakgrunn. Du er ein del av laget som skal konkurrera, segle og passa på einannan i allslags utfordringar og allslags vêr. Opplev havet og samhaldet om bord, og kom heim med nye erfaringar og nye vennskap i bagasjen.

 

Alle mellom 15 og 25 år som bur i Finnøy kommune kan søka om å få medseglarplassen me lyser ut. Medseglaren får god opplæring av det faste mannskapet på seglskuta, og du treng ikkje å ha nokon seglingserfaring frå før.

 

The Tall Ships Races organiserer transport til og frå vertshamnene. Det er vaksne kontaktpersonar i hamnene, og dei følgjer opp deg og andre medseglarar frå regionen ved behov. Du kan lesa meir om The Tall Ships Races her.

 

Finnøy kommune dekkjer kostnaden for medseglaren, men medseglaren har sjølv ansvaret for å teikna reiseforsikring.

 

Skriv nokre ord om kvifor nett du vil vera med ei seglskute over Nordsjøen, og send med epost til post@finnoy.kommune.no , levér i servicetorget på rådhuset, eller postlegg til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy. Hugs namn, adresse, telefon, epost og fødselsdato. Merk søknaden med ‘Tall Ships Races 2018’.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 15.02.2018
 
Login for redigering