Viktig informasjon frå Kolumbus til pendlarar, om endring i båttilbodet frå 1. januar 2019:

I samband med lovpålagt skuleskyss for vidaregåandeelever som bur på Brimse må vi gjere nokre endringar på rutene frå 1. januar 2019. Rute 504 avgang Judaberg 06.15 framkomst Stavanger 07.05 har i dag anløp av Fogn både 06.05 og 06.20. For å få til anløp av Brimse utan å skape forseinking i Stavanger må anløp av Fogn 06.20 kuttast, det betyr at pendlarar frå Fogn til Tau og Stavanger må bruke båtanløpet 06.05 i staden for 06.20 som i dag. Framkomsttid i Stavanger og vognløpet for resten av ruta vil bli same som i dag. Eventuelt reisande frå Judaberg til Fogn må bruke bilferga 05.45. 

Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 24.09.2018
 
Login for redigering