Vegnamn i heile kommunen vedtekne

Vegnamn og områdenamn for heile Finnøy kommune er nå vedtekne. Dei siste åtte namna (på Fogn og Byre) vart vedtekne av formannskapet 23. mai. Målsettinga er at flest mogleg hus, hytter og bedrifter skal få tildelt eintydige adresser med vegnamn/områdenamn og nummer innan utgangen av året.

 

Nye adresser blir innførte puljevis. Grunneigarane blir tilskrivne i god tid før omadresseringa, med orientering om ny adresse, og om datoen for innføringa. Det er grunneigarane sitt ansvar å orientera leigebuarar og kontaktar som ikkje hentar adressene direkte frå folkeregisteret.

 

 

 

Talgje og Finnøy har vore fulladresserte i fleire år. Denne veka blir dei fleste manglande vegadressene på Ombo innførte, og første veka i juni blir Halsnøy fulladressert. Utover året blir gateadressene innførte på dei delane av Fogn som ikkje alt har fått, i Sjernarøyane, og i dei søre Fisterøyane.

 

Fem vegnamn er vedtekne av formannskapet med atterhald om at stavemåten ikkje er endeleg klarert med Språkrådet og Kartverket. Dette gjeld Øvre og Nedre Varenesvegen på Fogn, Holle på Ombo, og Fåramarka/Fåravegen på Bjergøy. Det kan ta nokre månader før gateadressene blir innførte desse stadene.

 

Gateadressene som er tekne i bruk, finn de på denne lenka. Dersom du vil finna ut kvar ei bestemt adresse er, finn du det lett i Kartverket sin base på www.norgeskart.no. Skriv inn vegnamnet i søkjefeltet oppe til venstre, og klikk i ruta for husnummer. Då får du opp nedtrekksliste der du kan velja det aktuelle husnummeret. Når du trykker på adressa, viser ein markør på kartet som kjem fram, kvar denne adressa er. (Merk at same vegnamna ofte finst i fleire kommunar, t.d. finst Sæbøvegen ikkje berre på Fogn, men også sju andre stader på Vestlandet.)

 

Både www.norgeskart.no og Posten sine adressebasar vert oppdaterte etter kvart som adressene vert innførte.


FOTO: 

Lauvåsvegen på Byre var blant vegnamna formannskapet vedtok 23. mai. - Klikk for stort bileteLauvåsvegen på Byre var blant vegnamna formannskapet vedtok 23. mai.


 

 

 

 

 

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 27.05.2019
 
Login for redigering