Vassmålaravlesning for 2018

For å effektivisere innsamling av vassmålaravlesningar ihht reglementet tok kommunen i bruk SMS-varsling i 2017. 

Varsel for 2018 vil i løpet av desember månad bli sendt på SMS til din mobiltelefon i dei tilfelle der kor me har registrert ditt nummer eller ved at du har registrert deg i offentlege registrer.

Varslingssystemet er integrert i vårt fagsystem for kommunale eigedomsgebyr som gjer at kommunen raskt kan varsla rett person i forhold knytt til eigendommar i kommunen. Me varslar eigarrepresentant og eller rekningsmottakar eller kontaktperson med knyting til eigendomen.

I forbindelse med vassmålaravlesning har vi moglegheit til å overstyre utsendelse av SMS. Dvs. me vil for enkelte eigendomar berre sende ut avlesningskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesningskort der kor me ikkje finner mobilnummer.

 

Ved feil

Viss du mottek ein sms som du meinar er sendt til feil nummer, ber me deg om ikkje å svara på denne. I tillegg må den som mottek ein feilsendt sms sjekka sine opplysningar i dei offentlege registra og 1881.

Løysninga fungerer ikkje som ein innbyggardialog. Det er ingen manuell oppfølging.

 

Kan me nå deg?

Det finnes 2 ulike register ein kan velgje å registrere seg i for at me skal nå deg (Her kan du også kontrollera om du allereie er registrert). I tillegg gjer me eit siste forsøk ved å gjere oppslag på 1881.no

1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon  I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefaler me å leggja inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i framtida. Dette på lik linje med selvangivelsen som de kanskje er kjent med fra tidligare.

2. www.varslemeg.no  som er eit tilleggsregister berre kopla opp mot Varsling24 og kommunen sitt varslingssystem.

 

Bedrifter

Bedrifter må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på lenka www.varslemeg.no  då telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel nytta det mobilnummeret du svarte via, eller evt. det mobilnummeret du oppgir samen med avlesinga på www.leseav, eller som du oppgir på svarslippen.

Har du spørsmål ta kontakt med oss på tlf 51 71 47 35, eller på e-post: lars.terje.meland@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 12.12.2018
 
Login for redigering