Valkort og legitimasjon

Valkort

 

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet vert laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

 

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet vert stemmen din sendt til din heimkommune.

 

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.
 
Valkorta vert sendt ut sånn at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.
 
 
Kva gjer eg ved feil på eller tap av valkort?
 

Feil på valkortet

Viss du meiner at det er feil på valkortet kan du sende skriftleg melding til: Valstyret i Finnøy, Finnøy Rådhus, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy.

Det står feil adresse på valkortet (eg har flytta) 

Di adresse i manntalet er den som er registrert i folkeregister per 30.06.2017. Flytting etter denne dato blir ikkje oppdatert i manntalet. Du kan likevel røyste ved valet.

Eg har bytta namn i forhold til det som står på valkortet 

Namneendring som er gjort etter 30. juni 2017 blir ikkje oppdatert i valmanntalet. Du kan likevel røyste under ditt gamle namn.

Andre i min familie har fått valkort og ikkje eg. 

Kva skyldast det? 

Valkort er sendt ut til alle som er manntallsført i Finnøy per 30. juni 2017. Viss du ikkje har mottatt valkortet så kan det være feil i postgangen.

 

Legitimasjon

 

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å oppgje namn og fødselsdato.
 
Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

 

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 19.06.2017
 
Login for redigering