Valdagen

Valdagen i Finnøy kommune er 11. september 2017.
 
På rådhuset er det òg mogleg å stemma 10. september 2017. 
 
På valdagen må du stemme i den kommunen du er manntallsført, det vil seie den kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2017. Manntalet for Finnøy kommune ligg til offentleg ettersyn i servicetorget på Finnøy rådhus. 
 
Du må ha legitimasjon for å stemme! Kravet til legitimasjon er at den skal innehalde veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Gode eksemplar på legitimasjon er pass, førerkort og bankkort med bilete.
 
Treng du rettleiing eller hjelp i vallokalet kan du kontakta ein av valfunksjonærane.
 
Kommunen er i utgangspunktet forplikta til å legga stemmegivinga til lokal der alle veljarar kan koma seg inn på eiga hand. Skulle likevel eit vallokale ikkje vera tilgjengeleg for alle veljarar kan vedkommane avgje stemme rett utanfor vallokalet. To valfunksjonærar kjem i så fall ut, gjer naudsynt hjelp og tek imot stemmen. 
 
Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 19.06.2017
 
Login for redigering