Røysterett og manntal

Røysterett ved stortings- og sametingsvalet har:
 
Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Norge
Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er folkeregisterførte som busette i Norge seinast 30. juni i valåret
Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore folkeregisterførte som busette i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen
Du kan ikkje ha mista røysteretten etter Grunnlova § 53.
 
For å kunne røyste må du vere innført i manntalet i ein kommune.
 
 
Står du i manntalet?
 
Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. 
 
Manntalet for Finnøy kommune vert lagt ut ca medio juli til offentleg ettersyn i servicetorget på Finnøy rådhus.
 
Står du ikkje oppført i manntalet, eller det er andre feil i lista, må krav om innføring/oppretting sendast skriftleg til Finnøy valstyret, Finnøy rådhus, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, innan tysdag 12. september kl. 1700. 
 
 
For veljarar busett i Norge gjeld:
 
Det er den adressa du er registrert busett på 30. juni i valåret som avgjer i kva kommune du vert manntalsført. 
 
Har du flytta til ein anna kommune etter 30. juni er det, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.
 
For veljarar busett i utlandet gjeld: 
 
Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Norge ein eller anna gong dei siste ti åra, vert du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.
 
Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Norge dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å verta ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsrøysting utanriks. Viss du førehandsrøyster i Norge eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev til kommunen. 
 
Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må koma fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 12. september kl. 17:00.
 

For søknadsskjema sjå her. (DOCX, 27 kB)

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 07.08.2017
 
Login for redigering