Førehandsrøysting

Om du ikkje har høve til å røyste på sjølve valdagen er det mogleg å røyste på førehand
 
Viss du har røyst på førehand kan du ikkje røyste på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje røyste på førehand fleire gonger.
Du kan førehandsrøysta i kommunar kvar som helst i heile landet.   
Viss du røyster i ein annan kommune enn den du er registrert som busett i, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane til ditt fylke. 
Du får då utdelt ein røystesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på. 
 
Du kan ôg nytte røystesetlar som du har med deg frå eigen kommune/fylke. 
 
 
Tidlegrøysting
 
Du kan røyste frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøystinga, og heller ikkje på valdagen. 
 
I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Finnøy kommune kontakte Servicetorget og avtale tid for å tidlegsrøyste.
 
HUGS Å TA MED LEGITIMASJON!
 
 
Førehandsrøysting
 
Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan røyste på førehand til og med fredag 8. september.
 
Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster. I Finnøy kommune kan du røyste på førehand i Servicetorget på rådhuset i ordinær opningstid: måndag til fredag kl. 08:00-15:00.
 
Viss du røyster på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at røysta di når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stengjer på valdagen.
 
HUGS Å TA MED VALKORT OG LEGITIMASJON!
 
 
Kan du ikkje møte i vallokalet?
 
Viss du ikkje kan koma til eit vallokale grunna sjukdom eller anna, så kan du søkje valstyret i kommunen om å få røyste heime eller der du held til. 
 
Viss du får samtykke i å røyste heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsrøysta der. Søknad om å få røyste heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 5. september. 
 
Om du sender søknaden i posten er adressa:
 
Valstyret i Finnøy kommune
Finnøy rådhus
Judabergvegen 6
4160 Finnøy
 
Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan òg ringe Servicetorget på 51 71 47 00 og melde ifrå om at du ynskjer å få røyste heime. 
 
Røyste i utlandet
 
Veljarar som oppheld seg utanlands, kan røyste på førehand enten i Norge eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet. 
 
Du kan røyste på førehand i utlandet frå laurdag 1. juli til og med fredag 1. september. På Svalbard har Sysselmannen satt siste frist for å røyste på førehand til 8. september. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røysta kjem fram til riktig kommune innan valdagen måndag 11. september. Hugs derfor å røyste så tidleg at røysta kjem fram i tide med normal postgang.
 
Det er mogleg å røyste på førehand ved dei fleste norske utanriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hjå røystemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
 
HUGS Å TA MED LEGITIMASJON!
 
For meir info om å røyste i utlandet sjå her.
 

 

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 19.06.2017
 
Login for redigering