Stortings- og sametingsval 2017

Kommunestyrevalet 2015 - Klikk for stort bilete

 

Her finn du som veljar, parti eller kandidat informasjon om valet. Informasjon spesielt retta mot parti og valmedarbeidarar finns òg her.

 

Alle med røysterett vil automatisk verta innført i manntalet i den kommunen dei var registrert busett per 30. juni 2017. På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført. Viss du ikkje har moglegheit til å røysta i kommunen der du er manntalsført på valdagen, kan du førehandsrøysta i den kommunen i landet du ynskjer.

 

Er du norsk statsborgar og ikkje vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra før valdagen, må du søkja om innføring i manntalet for å kunne røysta ved valet.

 

Valdag:
Valdag for stortings- og sametingsvalet 2017 er måndag 11. september. I Finnøy kommune kan ein røysta på rådhuset òg syndag 10. september. Hugs å ta med legitimasjon! 

 

Førehandsrøyste:
Den ordinære førehandsrøysteperioden byrjar torsdag 10. august og vert avslutta fredag 8. september. Dette kan gjerast i servicetorget på rådhuset. Hugs å ta med legitimasjon!

 

Tidlegrøyste:
Du kan røysta frå 1. juli til 9. august dersom du ikkje har moglegheit til å røysta i den ordinære perioden for førehandsrøystinga, og heller ikkje på valdagen. Ta kontakt med servicetorget på rådhuset for å avtale tid der dette kan gjerast. Hugs å ta med legitimasjon!

 


Ansvarleg for valavviklinga i Finnøy kommune er rådmann Helene M. Ohm. Praktiske spørsmål kan rettast til valmedarbeidarane Linda Vestersjø og Else May Sevheim på tlf.: 51 71 47 00, eller pr. e-post; post@finnoy.kommune.no .

 

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 19.06.2017
 
Login for redigering