Utkast til nye vegnamn i Finnøy kommune

Vegnamnsnemnda konkluderte i møtet 15. november med forslag til vegnamn for alle øyane i Finnøy, med unntak for dei to øyane som er adresserte tidlegare. Formannskapet får forslaga til behandling neste onsdag. Tilrådinga frå rådmannen er formannskapet legg vegnamna og områdenamna ut på høyring.

 

Vegnamna fordeler seg slik: 18 på Fogn, 5 på Byre, 4 på Sørbokn, 34 på dei øyane som har postadresse Sjernarøy, 3 på Nord-Hidle, 7 på Halsnøy og 16 på Ombo.

 

Som vedlegg til denne saka ligg innstillinga frå vegnamnsnemnda, og kart over alle øyane med forslag om vegnamn.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 20.11.2018
 
Login for redigering