Totalforbod mot å gjere opp eld utandørs

Det er igjen innført totalforbod mot å gjere opp eld utandørs i Rogaland. Forbodet varar til brann- og redningssjefen gjer ny beskjed. Skogbrannfaren er for tida stor i heile Sør-Noreg. Brann- og redningssjefen har på bakgrunn av dette innført totalforbod mot bruk av open eld utandørs. 

 Det betyr:

• Det er ikkje lov å gjere opp eld utandørs i nærleiken av skog, mark og i strandsona

• Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane

• Det er ikkje lov å nytte skogsmaskiner som nyttast i skog og utmark

 Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eigen tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak

 

Du kan grille i din eigen hage med forsiktigheit.

 

Sjølv om ein kan grille i eigen hage er det viktig at ein er forsiktig. Er du i tvil om det er trygt, ikkje grill og ikkje ring brannvesenet. Det er du som står ansvarleg dersom det startar å brenne når du grillar.

 

Vi minner om at alle innbyggjarar har eit eiget ansvar for å redusere faren for brann og avgrense skadane viss brann skulle oppstå.

 

Det gjeld alle, heile tida og over alt.

 

Sjå Rogaland brann og redning sine heimesider for meir informasjon:

https://www.rogbr.no/brannvesenet

 

Og hugs: frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg.

Publisert av Beredskapsinformasjon. Sist endra 18.07.2018
 
Login for redigering