Taxi med løyvefritak

Innanfor Finnøy kommune er det opna for at ein, ved å registrera seg hjå Rogaland fylkeskommune og få køyresetel, lovleg kan køyra drosje (taxi) og ta betalt, utan å ha vanleg løyve. Det er ikkje noko vaktplikt, slik at den som er registrert på denne måten, bestemmer sjølv om når han eller ho vil ta oppdrag.

Det er Knut Tharaldsen som behandlar slike søknader. Trykk på lenka for å finna adresse og epost til han.

 

For å søkja om køyresetel, må du først kontakta Ryfylkeøyane lensmannskontor for å få politiattest. (Trykk på lenka for kontaktinformasjon). Deretter skriv du ein kort søknad, og sender til:

Rogaland fylkeskommune, Samferdsleavdelinga, Postboks 130, 4001 Stavanger. 

 

Føraren av bilen som blir brukt, må ha køyresetel. Dersom det er fleire førarar, treng kvar av dei eigen køyresetel. Denne skal vera med, under transporten.

 

Merk at det er fritak frå prisbestemmelsane som gjeld ved vanleg drosjetransport, og det er fritak for taksameter. Det blir tilrådd at ein avtaler pris før turen startar. Innanfor mindre øyar er det vanleg å ha ein fast "turpris", fordi turane uansett ikkje blir særleg lange.

 

Løyvefritaket gjeld for to år om gongen. Det går an å bruka kva bil som helst, så lenge bilen er registrert for høgst 9 personar inkl. føraren. 

Sist endra 09.09.2015
 
Login for redigering