Taxi: Forlenga løyvefritak

Løyvefritaket for drosje innanfor heile Finnøy kommune og Hjelmeland-delen av Ombo (Vestersjø krins) er forlenga med to år. Dette har fylkesrådmannen vedteke.

Dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy kommune fekk slikt løyvefritak først. Seinare er det blitt utvida til også å omfatta øyane Finnøy og Talgje, og Vestersjø krins i Hjelmeland. Løyvefritaket gjeld for to år om gongen, og det er altså nå blitt forlenga til 2018.

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 12.02.2016
 
Login for redigering