Stor interesse for Telenor-fiber på folkemøta

Telenor takkar for godt frammøte og stort engasjement på folkemøta på Sjernarøy og Halsnøy måndag og tysdag denne veka.

Telenor gjer merksam på at det gode tilbodet på fiber og tv til Finnøy gjeld til og med 31.mars 2018.

 

Bestill fiber og tv til din bustad her: https://info.canaldigital.no/finnoy/

 

Det er allereie kome inn ein del bestillingar. Telenor informerar om at det er viktig at alle nå nyttar denne moglegheita slik at vi får fiber til Finnøy.

 

Viss du er usikker på om din bustad ligg innanfor utbyggingsområdet,(sjå kart med blå felt i tidlegare artikkel) tilrår vi at du bestiller så vil Telenor saman med kommunen vurdere om dei kan få fleire med.

 

Når det gjeld bedrifter som ønskjer fiber i utbyggingsområda, ber vi dei om å kontakte kommunen som då samlar desse førespurnadane. Telenor vil så ta direkte kontakt med bedriftene. Det same gjeld for utbyggjarar og kontaktpersonar for hytteforeiningar/hyttefelt som ønskjer fiber.

Publisert av Nils Petter Flesjå. Sist endra 09.03.2018
 
Login for redigering