Søkje plass i barnehage og sfo frå hausten 2019?

20180313_100334.jpg - Klikk for stort bilete

 

Gjeld for nye søkjarar og dei som vil endre tilbod eller opphaldstid.

Søknadsfristen er 1. februar.

 

Alle må søkje elektronisk, skjemaet ligg på kommunen sine sider

Dei som har plass i barnehage/sfo og vil endra opphaldstid må også gjere dette elektronisk via våre heimesider. Dei som vil ha same plass som dei allereie har, skal ikkje gjere noko!

Nytt barnehageår startar 15.august. Sfo følgjer skuleåret, Finnøy Sentralskule har i tillegg ope frå 1.august, i haust- og vinterferie, samt ut juni månad.

 

Planleggingsdagar for personalet har barnehage og sfo stengt. Informasjon om opningstider og betalingssatsar for barnehage/sfo, finn du på heimesidene eller ta kontakt med den aktuelle barnehagen/ skulen. Viss du treng hjelp til å søkje, kan du ta kontakt med den enkelte barnehage/skule eller Finnøy kommune, servicetorget tlf. 51714700.

 

Avdeling Hesby høyrer til Hagatoppen barnehage og avdeling Svalene på Halsnøy høyrer til Ombo oppvekstsenter. Skriv i søknaden dersom du ønsker desse barnehageavdelingane.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 07.01.2019
 
Login for redigering