SMIL-middel (spesielle miljøtiltak i landbruket)

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere aktive bønder til frivillig innsats for å ta vare på kulturlandskapet og biologisk mangfald, samt hindre ureining. 

 

Søknadsfrist 15. mai og 1. oktober   

 

Ein kan søkje om tilskot til

  • oppsamling og resirkulering av gjødselsvatn i veksthus
  • turstiar
  • skjøtselstiltak (kulturlandskap, biologisk mangfald)
  • restaurering av verneverdige bygningar
  • fangdammar/reinseparkar
  • hydrotekniske tiltak
  • planlegging av tiltak m.m. 

Kommunen handsamar og avgjer søknadar om tilskot. Kommunane utarbeider overordna retningsliner for prioritering av søknadane (lokale tiltaksstrategiar) basert på Forskrifta om spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Føretak med tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen eller eigar av landbrukseigedomar med tilskotberettiga produksjon kan få tilskot. Landbrukseigedomen sin eigar må gje samtykke til gjennomføring av prosjekt eller tiltak.

Søkjer må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eigd og leigd jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold av miljømessig betydning skal vere kartfesta og beskrive.

 

Oppsamling av gjødselsvatn frå veksthus

Oppsamling av gjødselsvatn frå veksthus er svært kostnadskrevjande tiltak og SMIL-middel er avgrensa. Derfor har veksthuskommunane i Rogaland blitt samde om lågare satsar for tilskot til oppsamlings- og resirkuleringsanlegg i veksthus enn det som ligg i Finnøy kommune sin strategi for tildeling av SMIL-middel. Derfor er kommunen sin strategi endra på dette punktet som følgjer:

Satsane som gjeld for oppsamling av gjødselsvatn i veksthus er: 35 % av godkjent kostnadsoverslag opp til eit maks beløp på kr. 250 000,-. For mindre gartneri (under 10 dekar) som må installere både renner og sterilisering kan maks tilskot vere opp til kr. 300 000.

Sjå Finnøy kommune sin Strategi for tildeling av SMIL-middel (PDF, 621 kB) eller ta kontakt med landbruksforvaltninga.

 

Søknad

Det er ikkje lengre mogleg å søkje om SMIL-tilskot på papir. Landbruksdirektoratet kommer snart med eit elektronisk søknadsskjema som skal vere klar 11. februar 2019.

 

Vi ber alle som ønskjer å søkje om å vente til den nye søknadsløysinga er på plass.

Ansvarleg Silke Ullrich. Sist endra 07.02.2019
 
Login for redigering