Små endringar i alkoholpolitikken

Skjenketider for alkohol og salstider for øl i butikk i Finnøy kommune held fram innanfor same tidsrammene som nå, også dei neste fire åra. Nokre små endringar er at det blir lov å selja øl i butikk på valdagar, og det blir lov å skjenka alkohol valdagar, påskedag og pinsedag. 

Det er framleis forbode å skjenka alkohol juledag (25. desember), langfredag, og 17. mai. Tilletne skjenketider er til 24.00 for brennevin, og til kl. 01.00 om morgonen for øl og vin. Butikkøl kan seljast frå kl. 08.00 til kl. 20.00 måndag til fredag, og frå kl. 08.00 til kl. 18.00 laurdagar, og dagar før heilagdagar med unntak for onsdag før Kristi Himmelfartsdag.

 

Alle butikkar som har salsløyve, og alle skjenkestader som søkte om det, har fått fornya tillit til å selja og skjenka alkoholhaldige drikkevarer.

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 30.06.2016
 
Login for redigering