Siste nytt om NAV-kontor i nye Stavanger

Ein ny partnerskapsavtale mellom nye Stavanger kommune og Nav Rogaland, som skal gjelde frå 1. januar 2020, er no forhandla fram. Avtalen seier m.a. kor NAV-kontora skal liggje og kva opningstider dei skal ha. 

Finnøy vil høyre til under "NAV Rennesøy og Finnøy" som ligg på Vikevåg. Men det vil vere NAV-møteplass på Judaberg som er opent tre dagar i veka kl.12-14.

 

Meir informasjon om NAV-kontora finn du her.

Saka skal endeleg vedtakast på Fellesnemnda sitt møte (måndag) 20. mai. Møtet er på Utsyn og startar kl. 15.30. Det er offentleg og interesserte er velkomne til å følgje møtet. På agenda er fleire interessante saker om m.a. eigedomsskatt, kommunedelsutval og målform.

Kommunedelsutval er ein del av eit større tema som gjeld korleis vi sikrer lokal demokrati og korleis politikarane, innbyggjarane og kommunedelane skal jobbe saman i framtida. Her kan du lese meir om dette og "nærdemokratiprosjektet".

Møteagenda og meir informasjon om FN-møtet finn du her.  

Ansvarleg Espen Idsøe. Sist endra 16.05.2019
 
Login for redigering