Sikring mot tilbakeslag til vassnettet

Mattilsynet har i vedtak om pålegg konkludert at det er viktig for vassverket at det blir gjennomført tiltak for å hindre at det kommer uønskt vatn inn i vassverkets leidningsnett.

Heimelen for Mattilsynets pålegg til Finnøy kommune følger av matlovas § 23, første ledd første komma som lyder: «Mattilsynet føre tilsyn og kan fatte nødvendige vedtak for gjennomføring av føresegner gitt i eller i medhald av denne loven.»

 

Etter pålegg frå Mattilsynet DK Midt-Rogaland må Finnøy kommune kartleggja abonnentar som kan

utgjere ein risiko for forureining av vassleidningsnettet.

Om lag 220 landbruk og veksthuseigedomar i kommunen vil difor i løpet av vinteren 2019 få pålegg om kontroll og eventuell installering av tilbakeslagsventil for væskekategori 4

 

Dei fyrste som får tilsendt brev om dette er alle landbruk/veksthuseigedomar på øya Finnøy.

Dei neste månadane vil ein også sende ut til landbruksabonnentar på dei andre øyane.

 

Vassmålarar eldre enn til og med år 2000 skal også skiftast ut, dette skal gjerast parallelt med kontroll eller montering av tilbakeslagsventil.

Ein kan av røyrleggjar få gjort ein vurdering om størrelsesbehov for ny målar, går ein ned i størrelse vil også kostnadane med montering av tilbakesikringsventil verta reduserte.

Det er Finnøy kommune som skal ta kostnadane ved utskifting av vassmålarar, vilkåra her er at eksisterande målar er montert i tråd med gjeldande regelverk.

 

Sjå elles vedlagte skriv.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 18.01.2019
 
Login for redigering