Delegeringsreglementet viser dei fullmakter som er delegerte i Finnøy kommune.
Delegering vil seie overføring av myndigheit. Føremålet av ei avlasting av arbeidsoppgåver frå den som formelt innehar myndigheita, samt forenkling av avgjerdsprosessar.
Kommunestyret er det øvste styrande organet i kommunen etter kommunelova. Kommunestyret delegerer myndigheita vidare til formannskapet og andre politiske utval, med unntak av:
-
Der myndigheita er lagt til kommunestyret sjølv gjennom lov og forskrift
-
Saker der myndigheita er delegert til andre gjennom delegeringsvedtak eller reglement
-
Større prinsipielle avgjerder
Delegeringsreglementet er vedteke av kommunestyret 15. februar 2017.
Saksbehandlingsreglement for kommunestyret, formannskapet og forvaltningsstyret viser korleis saksbehandlinga i kommunen går føre, med alt frå førebuing av saker til folkevalde organ, til innkalling, gjennomføring av møter og møtebok.
Saksbehandlingsreglementet er vedteke av kommunestyret 15. februar 2017.
Godtgjersle til folkevalde viser kva godtgjersle dei folkevalde får for vervet sitt og deltaking i møter.
Godtgjersle til folkevalde er vedteke av kommunestyret 15. februar 2017.