Rådmannserfaring i to år - noko for deg?

Sommaråpent - Klikk for stort bilete

Arbeidet med å finne ny rådmann etter Helene M. Ohm startar no for fullt. Ordførar Henrik Halleland fortel at annonsen er klar for offentleggjering med søknadsfrist 30.november. "Dersom alt går slik vi har lagt opp til, kan vi i beste fall tilsetje ny rådmann på møtet i kommunestyret 13. desember", seier han. Halleland er realistisk og veit at det i slike prosessar kan dukke opp forhold som gjer at det tar noko lengre tid, men er i utgangspunktet optimist. Det er gjort avtale om ekstern bistand i prosessen frå ein som i alle fall kjenner Finnøy godt, Svein Helgesen. Gjennom sitt private konsulentfirma tar han ulike slags rådgjevingsoppdrag for kommunar og andre organisasjonar.

 

Stillingsutlysinga er tilgjengeleg her.

Ansvarleg Henrik Halleland. Sist endra 13.11.2017
 
Login for redigering