Pressemelding: Foreløpig årsrekneskap 2018

Den foreløpige rekneskapen for Finnøy kommune viser eit ekstraordinært godt netto driftsresultat på kr 34,1 mill., tilsvarande 9,8 % av dei samla driftsinntektene. Det gode resultatet skuldast i all hovudsak inntekter frå havbruksfondet. Driftsrekneskapen viser eit reknekapsmessig mindreforbruk på kr 6 mill.

Det ble investert for kr 13,3 mill. i 2018.

Betre resultat enn forutsatt

Det opprinnelege budsjetterte netto driftsresultatet var på -3,1 %. Tildeling av havbruksfondmidlar bidreg imidlertid til eit positivt netto driftsresultat på 9,8 % ved utgangen av 2018.

 
Frie inntekter
Samla skatteinngang til Finnøy kommune i 2018 blei kr 90,3 mill. Nivået er kr 3,5 mill. lågare (-3,7 %) samanlikna med 2017 og kr 2,9 mill. lågare enn justert budsjett 2018.
 
Den samla skatteinngangen til kommunane blei på 3,8 % mot en anslått vekst på 2,4 %.
Auken i nasjonal inngang medfører lågare skatteutjamning for Finnøy kommune og dermed høgare frie inntekter enn budsjettert.
 
Finnøy kommune blei på slutten av fjoråret tildelt ekstra skjønsmidlar på om lag kr 2,1 mill. som i hovudsak går med til å dekkja meirkostnader i samband med brannen på Ombo i fjor vår.
 
På bakgrunn av desse omstende blei frie inntekter kr 2,5 mill. betre enn budsjettert og hamna på kr 207 mill. samla sett for 2018.
 
I tillegg fekk Finnøy kommune tildelt kr 45,8 mill. frå statens havbruksfond, i tråd med budsjettjusteringar i andre tertial.
 
Resultatet for tjenesteområdene
Tenesteområda, inklusive fellestenester og eksklusiv finansiering og avskrivingar, hadde kr 8,4 mill. (3,5 %) i mindreforbruk av et netto budsjett på kr 239 mill. i 2018.
 
Investeringar
Brutto investeringsutgifter blei kr 13,2 mill. i 2018. Investeringsrekneskapen er gjort opp med eit rekneskapsmessig resultat på kr 0.
 
Eigenfinansieringsgraden blei 26,4 % for investeringsprosjekt gjennomført i 2018 som er noko høgare enn budsjettert.
 
Kommunen si ordinære lånegjeld var på kr 252 mill. i tillegg kjem startlån på kr 56 mill. ved utgangen av 2018. Gjeldsgrad eksklusivt startlån var på 72,9 % i 2018.
 
Samla frie disposisjonsfond utgjer kr 28,6 mill. og utgjer dermed 8,3 % av driftsinntektene.
 
Prosessen videre
Årsreknskapen blir overlevert revisjonen i dag. Årsrapport og årsrekneskap 2018 skal til handsaming i formannskapet 11. april, og i kommunestyret 06. mai 2019.
 
Pressekontakt:
Karin Dokken Austvik, rådmann i Finnøy kommune, mobil 957 26 114
Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 15.02.2019
 
Login for redigering