Presentasjon av regionalplan Jæren - Høyring

På frukostmøte for næringslivet 21. mars presenterte Rogaland Fylkeskommunen Regionalplan Jæren, svarte på spørsmål og høyrde på innspel. 

Les meir om Regionalplan Jæren her. Alle interesserte er invitert til å sende inn høyringsinnspel til firmapost@rogfk.no eller per post til Rogaland fylkeskommune Postboks 130, 4001 Stavanger (frist 22. april).  

Presentasjonen finn du her (PDF, 12 MB).

planområde regionalplan Jæren.jpg - Klikk for stort bilete

 

Planen har seks innsatsområde:

  • Varige naturverdiar
  • Livskraftige nabolag
  • Levande sentrumsområde
  • Enklare kvardag
  • Konkurransekraft
  • Regionalt samarbeid

 

Stavanger og Rennesøy er med i Regionalplan Jæren frå før. Finnøy kommune er per i dag omfatta av Regionalplan for Ryfylke. I samband med kommunesamanslåinga vedtok Fylkestinget -i tråd med vedtak i Finnøy kommune- at planområdet for Regionalplan Jæren skal utvidast til også å innlemme Finnøy og Forsand.

Planarbeidet er delt inn i 2 fasar. I fase to som startar etter sommaren vert bl.a. retningslinjene for landbruk revidert.

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 21.03.2019
 
Login for redigering