Ordførar Henrik Halleland

Ordførar Henrik Halleland (Thor Espeland) - Klikk for stort bilete Thor Espeland

 

Henrik Halleland (født 1967) kom inn i kommunestyret for første gang etter kommunevalet i 1999. Halleland har vore kommunestyrerepresentant frå 1999-2003 og 2007-2015, og i perioden 2007-2011 òg leiar av forvaltningsstyret. Etter kommunevalet i 2015 gjekk Halleland inn i vervet som ordførar.

 

Halleland har bakgrunn som bonde frå Vignes på øya Finnøy. Han har tidligare jobba 10 år i landbruksforvaltninga i Finnøy kommune. Halleland er gift og har tre barn.

 

Ordføraren er medlem av Kristeleg Folkeparti, som styrar kommunen saman med Senterpartiet og Arbeiderpartiet.

 

Varaordføraren er frå Senterpartiet og heiter Odd Bleie.

 

 

 

Kontaktinformasjon:

Henrik Halleland, ordførar

Mobil: 468 27 050

E-post: henrik.halleland@finnoy.kommune.no  

Sist endra 14.01.2016
 
Login for redigering