Finnøy kommunestyre 2015-2019

Finnøy kommunestyre 2015-2019 (Thor Espeland) - Klikk for stort bilete Thor Espeland

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ, og består av 21 medlemmer. Kommunestyret har det totale ansvaret for den samla verksemda i kommunen, sånn det går fram av kommunelova.

 

Kommunestyret vert vald av røysteføre innbyggjarar i kommune. Valet gjeld for fire år. Sitjande kommunestyre vart vald 14. september 2015.

 

Parti som har medlemmer i kommunestyret p.t. er: Kristeleg folkeparti (6 medlem), Senterpartiet (4 medlem), Arbeidarpartiet (2 medlem), Venstre (5 medlem) og Høgre (4 medlem).

 

Kommunestyret treff vedtak på vegne av kommune viss ikkje anna er bestem i lov eller delegasjonsvedtak. Utanom dei oppgåver som er lagt til kommunen gjennom lovverk, kan kommunestyret ta opp andre oppgåver etter eige ynskje, viss dei ikkje er i strid med lovar og reglar.

 

Saker som vert handsama av kommunestyret er: budsjett, reguleringsplanar, overordna planar m.m.

 

Kommunestyret har 5-6 møter i året. Formannskapet har faste møtetider på onsdager kl. 16.30 i biblioteksalen på Finnøy folkebibliotek.
Tidspunkt for møter, sakskart, protokoller finner du her.

 

Namn på medlem og varamedlem i kommunestyret for perioden 2015-2019 finn du her.

 

Nils Petter Flesjå (H) vart ved valet 14.09.2015 vald som kommunestyremedlem, men han gjekk 01.01.2016 inn i stillinga som kommunalsjef oppvekst i Finnøy kommune. På same tidspunkt fråtredde han alle sine verv som politikar i kommunen. Frode Selvaag (H) vart frå 01.01.2016 fast medlem av kommunestyret.
Gro Skartveit (uavh.) og Heidi Skifjell (uavh.) vart ved valet 14.09.2015 vald som kommunestyremedlem. 01.10.2018 melde båe to flytting frå kommunen. Dei mister då retten til å vere folkevalde i kommunen. Rasmus Hidle (V) og Kjell Harald Lunde (V) vart frå 01.10.2018 faste medlem av kommunestyret. 

Sist endra 30.01.2019
 
Login for redigering