Påskjønning av kommunale arbeidstakarar

 Denne veka heidra Finnøy kommune dei som i løpet av 2018 hadde vore tilsett i Finnøy kommune i 25 år. Samstundes takka vi av dei som har vore i kommunen i over 10 år, men som no har slutta.

 

Markeringa fann stad på Utsyn misjonssenter med middag, etterfølgt av musikalsk innslag frå kulturskulen representert av Sonja Hebestreit på gitar, og song ved Alida Landa. Ordførar Henrik Halleland og rådmann Karin Dokken Austvik heidra jubilantane med tale, før dei fekk overrekt ei gåve frå kommunen for lang og tru teneste.

 

P1040775 (2).JPG - Klikk for stort bilete

Foran frå venstre: Jostein Østhus, Marit Landa Ekelund, Jofrid Reilstad, Tone Samuelsen, Ragni Hidle Ådland og Aslak Sigurd Bråtveit.

Bak frå venstre: Ordførar Henrik Halleland, Berit Rørheim, Marit Aaserød, Jorunn Vespestad Alstveit, Jan Rune Johannessen, Marit Meltveit Vignes, Anders Aabø, Ivar Haugen, Arnborg Flesjå Vanvik og rådmann Karin Dokken Austvik.

Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 25.01.2019
 
Login for redigering