Påskjønning av kommunale arbeidstakarar

 Tysdag heidra Finnøy kommune dei som i løpet av 2017 hadde vore tilsett i Finnøy kommune i 25 år. Samstundes takka vi av dei som har vore i kommunen i over 10 år, men som no slutta av.

Tradisjon tru vart dei heidra med middag på ærverdige Utsyn, før dei fekk overrekt ei gåve frå kommunen for lang og tru teneste. Ordførar Henrik Halleland og rådmann Karin Dokken Austvik heidra jubilantane med tale, og Amelie Ullrich og Helle Austbø bidrog med musikalsk innslag frå kulturskulen.

 

Erkjentlighetsmarkering - Klikk for stort bilete

 Foran frå venstre: Ordførar Henrik Halleland, Gunvor Skartveit, rådmann Karin Dokken Austvik, Merete Meling Kindingstad og Anne Lise Eike.

Bak frå venstre: Ellen Gudmestad Gard, Anne K. Rosnes Nåden, Tore Ladstein, Jakob Bjørklund, Bjørn Edvin Eriksen, Aud Marie Garvik Bøe, Anne Gro Sandanger og Jostein Østhus.

Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 19.01.2018
 
Login for redigering