Øyfast og god kommunikasjon er avgjerande for om vi kan bli buande i Finnøy!

Dette var ungdomsrådet einige om då dei gav sine innspel til kommuneplanarbeidet som pågår. Vi ønsker at ordføraren orienterer oss om Øyfast i neste møte. Øyfast vil skape arbeidsplassar og gjere at vi kan pendle til og frå jobb, vel å merke at bommen ikkje blir for dyr!

IMG_2238.jpg - Klikk for stort bilete

 

Vi ønsker å bli representert i ungdomsrådet i Nye Stavanger, vi ønsker meir variasjon i fritidstilboda i kommunen samt meir aktivitet på alle øyane der ungdom bur. Vi ønsker å bli orientert om det er mogeleg å få lagt inn ei økt på ungdomsskulen der det går an å gjere lekser. Tilbod om helsesøster er betre i kommunen no, men vi ønsker at barn og unge blir enno betre orientert om tilbodet, slik at alle som treng nokon å snakke med veit at det er helsesøster tilgjengeleg på sin skule.

Publisert av Nils Petter Flesjå. Sist endra 23.04.2018
 
Login for redigering