«Ombo – eit aktivt samfunn som er liv laga også dei neste 50 åra?»

 Kom på Ombo Grendahus og høyr Reidar Almås snakka om dette temaet

Tysdag 6. september, kl.19:30.

 

 

Reidar Almås.PNG - Klikk for stort bilete

 Reidar Almås er professor emeritus ved NTNU i Trondheim, der han sidan 1982 har bygd opp Norsk senter for bygdeforskning. Almås er aktiv i samfunnsdebatten med foredrag og bøker om landbruk og bygdespørsmål og er kårkall på heimegarden på Hølonda i Melhus.

 

Møtet blir arrangert i samband med den nye kommunereforma, og det vil bli høve til å stilla spørsmål til Reidar Almås, og ordførarane Bjørn Laugaland (Hjelmeland) og Henrik Halleland (Finnøy).

 

Alle er hjarteleg velkommen!

 

Møtet blir arrangert av Ombo Bygdaråd i samarbeid med Finnøy- og Hjelmeland kommune.

Sist endra 30.08.2016
 
Login for redigering