Stortinget handsama forslag frå regjeringa og innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i kommunestrukturen. Det er gjennom Stortinget sitt vedtak avgjort at Finnøy, Rennesøy og Stavanger 1. januar 2020 skal slå seg saman til ein ny kommune. Denne skal ha namnet Stavanger.
Prosessen med etableringa av den nye kommunen startar hausten 2017 i samband med at det vert oppnemnt ein fellesnemnd som skal styre prosessen. Fellesnemnda er sett saman av 33 folkevalde frå dei tre kommunane.
Les meir om Nye Stavanger kommune
http://nye.stavanger.kommune.no/