Ny lokal forskrift for jakt av grågås Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy 2019-2021

Fylkesmannen har fastsett lokal forskrift for jakt av grågås, Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy kommunar 2019 – 2021. Sjå her (PDF, 323 kB).

 

Føresegner:

Jakttid på grågås vert utvida med 15 dagar i forkant av ordinær jakttid, frå og med 26. juli til og med 9. august. Det er berre lov å jakte på dyrka mark og gjødsla beite (og inntil 30 meter frå dette).

 

For Finnøy:

  • Utvida jakttid gjeld berre på følgande øyar: Finnøy, Fogn, Talgje, Kyrkjøy, Bjergøy, Aubø, Tjul, Nord-Talgje, Helgøy, Nord-Hidle, Halsnøy og Ombo.
  • All jakt skal skje på eller nærare enn 30 meter frå dyrka mark eller gjødsla beite
  • Tid: Alle dagar frå 26. juli til 9. august frå klokka 16:00 til 22:00.

 

Friområdet, jakt ikkje tillat før ordinær jakttid (frå 10. august): Mindre holmar, verneområde og anna areal på hovudøyane er friområde.

 

Det skal rapporteraste til kommunen etter avslutta tidleg jakt. I rapporteringa skal det vere opplyst om følgjande:

  • Korleis jakta var organisert
  • Effekt av jakta?
  • Var det forskjell i forhold til jakt annen kvar dag?
  • Tall på felte gjæser
Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 22.07.2019
 
Login for redigering