No er årets influensavaksine komen!


vaksine.PNG - Klikk for stort bilete

Influensavaksine blir tilrådd ...

... alle over 65 år ​

... gravide frå 12. svangerskapsveke

... personar med hjarte- og lungesjukdom, nyre- eller leversvikt, enkelte nevrologiske tilstandar, svekt immunforsvar

... personar med sterk overvekt (BMI over 40)

... svinerøktarar

... helsepersonell med pasientkontakt.

I Noreg varer influensasesongen vanlegvis frå november til april. Du bør vaksinere deg i god tid for å ha eit så godt vern som mogleg.

Du kan møte opp på legekontoret på Finnøy mellom klokka 09 og 15 for vaksinasjon.  

Ansvarleg Morten Hovdet. Sist endra 30.10.2019
 
Login for redigering