Nå er vi i gang med Brukarundersøking i heimetenesta

Intervjuarar er på plass og vil om kort tid ringe for å avtale når det passar at dei kjem på besøk for å fylle ut skjemaet saman med deg.

Informasjon og skjema har du fått, slik at du kan førebu deg før intervjuet. Den personen som kjem på besøk er ikkje tilsett i heimetenesta. Pårørande er velkomne til å bistå om det passar Alt du seier blir behandla anonymt, ingen får kjennskap til kva den enkelte brukar har svart. Dersom du ønskjer å svare elektronisk på spørjeundersøkinga loggar du deg inn på

http://svar.bedrekommune.no  og nyttar eingongspassordet som står øvst på skjemaet ditt. Har du allereie svara gir du beskjed om det til den som ringer deg.

Svarfrist: ut september.

 

Vi er opptatt av å kvalitetssikre tenestene for å gi deg eit best muleg tilbod. Difor er det viktig for oss å få innsikt i korleis du som brukar opplev kvaliteten på heimetenesta. Å delta i spørjeundersøkinga er naturlegvis frivillig. Men, vi håper at du på denne måten kan hjelpe oss å skape og vidareutvikle ei  god heimeteneste.

 

Har du spørsmål om spørjeundersøkinga kontakt Liv Drange Bråthen på telefon 51 71 47 72

 

 

Takk for hjelp!

Sist endra 06.09.2016
 
Login for redigering