Moderasjonsordningar for foreldrebetaling i barnehage, 2019-20

Ein kan søkja reduksjon i foreldrebetaling for barn i barnehage som bur i hushald med låg inntekt. Frå 1. august 2019 gjeld dette bruttoinntekt for hushald under kr 557 334.

 

Det er innført gratis kjernetid, 20 timar i veka, for 3-, 4- og 5- åringar og for barn med utsett skulestart, for barn som bur i hushald med bruttoinntekt under kr 533 500 fram til sommaren, og under kr. 548 500 frå 1. august 2019. Alderen blir rekna ut frå det kalenderåret barnet er fødd, og det kalenderåret barnehageåret byrjar.

 

Frå 1. august 2019 blir ordninga med gratis kjernetid utvida til også å gjelda 2-åringar.

 

Alle ordningar gjeld både kommunale og private barnehagar.

 

Maksimumsprisen for eit barn i barnehage er kr. 2 990 per månad inntil sommaren, og kr. 3 040 per månad frå 1. august 2019. For dei som har fleire barn i barnehagen, blir det gjeve 30 % søskenmoderasjon for det andre barnet, og 50 % søskenmoderesjon frå og med det tredje barnet. Søskenmoderasjonen treng det ikkje søkjast om.

 

For informasjon og søknadsskjema sjå www.finnoy.kommune.no under Barn og familie – skule, barnehage og sfo, eller ta kontakt med styrar for barnehagen. Ein søkjer for eit barnehageår om gongen.

 

Søknadsfrist for neste barnehageår er 10. juni 2019.

 

Send søknad med vedlegg til Finnøy kommune, barnehagefagleg ansvarleg, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 25.04.2019
 
Login for redigering