Moderasjonsordningar for foreldrebetaling i barnehage, 2018-19

Ein kan søkje reduksjon i foreldrebetaling for barn i barnehage som bur i hushald med låg inntekt. For 2018 gjeld dette bruttoinntekt for hushald under kr 533 500.

 

Det er innført gratis kjernetid, 20 timar i veka, for 3-, 4- og 5- åringar og for barn med utsett skulestart, for barn som bur i hushald med bruttoinntekt under kr 450 000.

 

Alle ordningar gjeld kommunale og private barnehagar.

 

Søskenmoderasjon er slik som før, og treng ikkje søkjast for.

 

For informasjon og søknadsskjema sjå www.finnoy.kommune.no under Barn og familie – skule, barnehage og sfo, eller ta kontakt med styrar for barnehagen. Ein søkjer for eit barnehageår om gongen.

 

Søknadsfrist for neste barnehageår er 10. juni 2018.

 

Send søknad med vedlegg til Finnøy kommune, barnehagefagleg ansvarleg, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 08.05.2018
 
Login for redigering