Lokaldemokratiundersøking 2017

KS skal gjennomføre ein lokaldemokratiundersøking i fleire kommunar i Norge, Finnøy kommune har takka ja til å vera ein del av dette. Undersøkinga er todelt, med ein innbyggjardel og ein folkevaltdel.

Undersøkinga er nyttig i arbeidet om å styrke demokratiet i kommunane. Den vil gje eit godt bilete av tilstanden og seier noko om kor det kan vera behov for endring og utvikling. Undersøkinga er òg eit av verktøya som vert framheva i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet sitt nye prosjekt: «Fornyelse og utvikling av lokaldemokratiet i kommuner med vedtak om sammenslåing».

 

Frå 19.04.2017 vil Opinionen gå i gang med denne undersøkinga i Finnøy kommune gjennom telefonintervju til eit representativt utval av innbyggjarane i kommune. Folkevaltdelen vert gjennomført i kommunestyret 14.06.2017.

 

Finnøy kommune set pris på om du tek deg tid til å svare då denne telefonen kjem.

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 21.04.2017
 
Login for redigering