Landbruk: Nytt system for søknadar om tilskot til sjukdomsavløysing

15.august opnar det nye elektroniske systemet for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel. No kan søkjarane logge seg inn i Altinn, og sende søknaden der.   

Søknaden blir handsama raskarae og systemet sikrar riktig utrekning av tilskotet. Tilskotet blir automatisk utrekna, basert på opplysningane i saka. Søkjaren kan også hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet. Når kommunen har handsama søknaden blir svaret og vedtaket sendt til deg på Altinn.

Slik gjer du:
- Gå til sida www.altinn.no på internett
- Logg deg inn med MINID, BANKID eller liknande
- Velg landbruksføretaket ditt som «Aktør»
- Søk opp og velg ordninga «Tilskudd til avløsning av jordbrukere ved sykdom, fødsel m.v»
- Legg inn informasjon om sjukemeldingsperiode, utgifter til avløysar osv.
- Last opp naudsynte vedlegg

Viss du ikkje kan bruke internett
Du kan gi avløysarlaget eller andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det kan òg ordnast inne på www.altinn.no. Snakk med avløysarlaget dersom det er aktuelt.

Papirskjemaet vil fortsatt eksistere ei stund til
I ein overgangsperiode vil dei gamle papirskjemaa eksistere ei stund framover. Etter kvart blir søknadsordninga fullelektronisk for landbruksføretak.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med kommunen dersom du lurer på noko.

nettsidene til Landbruksdirektoratet kan du finne meir informasjon – blant annet ein instruksjonsfilm om korleis søknaden skal fyllast ut.




 

Ansvarleg Silke Ullrich. Sist endra 15.08.2018
Artikkel (1)
 
Login for redigering