Lågt sjukefråvær og høg sysselsetting – Årsrapporten 2018

Årsrapport 2018 KDA.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

- Finnøy kommune er blant kommunane i landet med lågast sjukefråvær. Dette er svært gledeleg og eit resultat av lagarbeid i heile organisasjonen, seier rådmann Karin Dokken Austvik når ho no presenterer årsrapporten 2018 for Finnøy kommune (PDF, 739 kB)

- Det er også  veldig positivt at trenden med låg arbeidsløyse og høg sysselsetting held fram. Befolkningsveksten i Finnøy kommune har derimot snudd, og arbeidet med å auke busetjing må få endå meir kraft i framtida.

 

- I 2018 har Finnøy prioritert bygging av ny kommune høgt. Dette har vi gjort ved å samarbeide med innbyggjarane for å forstå kva dei synest er viktig i ny kommune. Vi har også hatt nært samarbeid med framtidige kollegaer i Stavanger og Rennesøy. Dette er utruleg viktig for å sikre folk i Finnøy ei god framtid i nye Stavanger, forklarer rådmannen.

 

Det økonomiske resultatet er svært godt, mykje grunna store utbetalingar frå havbruksfondet. Fondsmidla gjer det mogleg å realisere ei stor utbyggjing av pleie- og omsorgssenteret i Finnøy.

Tenesteområda har vist ansvarleg og sunn økonomistyring. Rådmannen understreker at dei gode resultata ikkje hadde vore mogleg utan innsatsen frå dei tilsette.

 

-Den aller viktigaste oppgåva vi har er å syte for at det er godt å bu i Finnøy.

Rådmannen ønsker å rette ei stor takk til tilsette for innsatsen i driftsåret 2018. Ho trekkjer særleg fram dei tillitsvalde som medverkar til å formidle eit realistisk bilete av utfordringane og bidreg til å skape arbeidsglede i organisasjonen.

 

Årsrapporten blir behandla i kontrollutvalget 9. april, formannskapet 11. april og i kommunestyret 6. mai.

 

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 04.04.2019
Artikkel (1)
 
Login for redigering