Kunngjering av eigengodkjent detaljregulering - Reilstad, Finnøy

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtok Finnøy kommunestyre i møte 17.06.2019, sak nr. 031/19, å eigengodkjenne detaljreguleringsplan for Reilstad.

Detaljregulering for Reilstad

 

Planen legg til rette for 49 nye bustadtomter, eksisterande fritidseigedomar som er viste til fritidsføremål, samt naustområde og småbåthavn.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til departementet, med heimel i §§ 12-13 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova. Ev. klage skal framsetjast skriftleg og sendast til Finnøy kommune, avd. for plan og forvaltning, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, innan 01.08.2019.

 

Ev. krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova si § 15-2 eller § 15-3 må framsetjast skriftleg innan 3 år frå dags dato.

 

Saksdokumenta finn du her (Saksframlegg (PDF, 2 MB)Føresegner (PDF, 120 kB)Plankart (PDF, 3 MB)), eller ved å vende seg til avd. for plan og forvaltning, tlf. 51 71 47 00.

Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 24.06.2019
 
Login for redigering