Kommuneplan

Bli med.PNG

Siste nytt: Kommunestyret vedtok (PDF, 667 kB) på møte 5. september 2018 utkast til ny samfunnsdel. Forslaget (PDF, 3 MB) var til offentleg ettersyn og på høyring med frist 26. oktober. Høyringsbrevet finn du her. Vi fekk 10 høyringsinnspel som vi no går grundig gjennom.

 

Finnøy kommune sin visjon er «Dei lyse og levande øyane. Saman for folk i Finnøy». I 2020 blir dagens Finnøy kommune del av Nye Stavanger kommune. Arbeidet med kommuneplanen har blitt framskunda for å kunne bruke den nye samfunnsdelen som ressurs og rettesnor i arbeidet med å byggje ny kommune. Særleg viktig vil planen vere i arbeidet med ny kommuneplan for Nye Stavanger som har starta opp.

Tema som er særskilde for Finnøy kommune, som landbruk, havbruk, samferdsel og situasjonen med ikkje-landfaste øyar, har fått større plass enn andre tema der vi er meir like dei to andre kommunane i samanslåinga.

Bakgrunn

Finnøy har - som alle kommunar - ein kommuneplan.
Den skal fortelje noko om kommunen sine langsiktige mål, utfordringar og strategiar innan ulike tema som bulyst, arealbruk, landbruk, samferdsle, næring, barn og unge, eldre mm.

For tida jobbar kommunen med ny plan. Det er viktig at det skjer i tett samarbeid med innbyggjarane. Difor har vi hatt fleire innspelsmøte og lagd ein brosjyre om korleis du kan gje oss di meining - Me vil høyra meininga di! Bli med. Meir om innspela og vidare arbeid finn du nedanfor i avsnittet "Arbeidet med kommuneplanen - tidsplan"

 

Kva er ein kommuneplan?

Alle kommunar skal i følgje loven (Plan- og bygningsloven kapittel 11) ha ein kommuneplan.  

Kommuneplanen skal bestå av

  • samfunnsdel som skal «ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon», og vurdere ulike alternative strategiar for utviklinga i kommunen.
    • med handlingsprogram som seier korleis planen skal følgjast opp. Handlingsprogrammet reviderast kvart år (sjå budsjett- og økonomiplan)
  • arealdel som «viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk». Arealdelen skal gje hovudtrekka i arealdisponering og vilkår for nye tiltak og ny arealbruk og viktige omsyn ved disponering av areala. Arealplanen er bindande for nye tiltak. Arealplanen omfattar 6 «hovudføremål»: bygg og anlegg, samferdslesanlegg og teknisk infrastruktur, grøntområde, forsvaret, landbruks-, natur-, og friluftsformål, bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.

Vidare skal kommunane ha ein «Kommunal planstrategi» (Plan- og bygningsloven kapittel 10). Denne skal drøfte «kommunen sine strategiske val» kva gjeld samfunnsutvikling, arealbruk, miljø, næringsverksemd mm. I planstrategien skal kommunestyret også bestemme om gjeldande planar bør reviderast. Arbeidet med kommunal planstrategi kan vere oppstart til arbeidet med ny kommuneplan. 5.10.2016 vedtok kommunestyret i Finnøy kommunal planstrategi 2016-2019 og no er vi i gang med revidering av kommuneplanen.

 

Endeleg beskriv «Planprogram for kommuneplanarbeid» korleis arbeidet med kommuneplanen skal organiserast, kva for tema vi skal arbeide med og utgreie, korleis innbyggjarane og næringslivet sine synspunkt skal fremjast og framdrift i planarbeidet. Kommuneplanprogram (planprogram for kommuneplanarbeidet 2019-2029 (PDF, 678 kB)) vart vedteke i Kommunestyret 06.09.2017.

 

 

Arbeidet med kommuneplanen - tidsplan

2017 starta kartlegging av ulike tema, med bl.a. møte med ulike organisasjonar og lag

 

2018 held kartlegginga fram, med bl.a. folkemøte og arbeid av kommunepolitikarane i forvaltningsstyret og formannskap. Kommunen mottok skriftlege innspel innan 1. mai (sjå vedlagte rettleiing og sjekkliste) og hadde 2 dagar i februar og mars med "opent rådhus" der det var mogleg å kome innom for å diskutere innspel. Vi fekk inn 105 innspel, dei fleste er forslag om endra arealbruk. Arbeidet med arealdelen er starta opp: Alle forslaga vil bli vurdert ut frå behov og strategiske mål for arealutvikling i Finnøy. Ei grov oversikt over innkomne innspel finn du i saksframlegg til Forvaltningsstyret sitt møte 5. juni her.

For samfunnsdelen har vi utarbeidd eit tekstutkast som var til første politiske handsaming hausten 2018 (22. august i Formannskapet, 5. september i Kommunestyret). Vedteke tekstutkast er på høyring/til offentleg ettersyn med frist 26. oktober (sjå øvst i artikkelen)

 

2019 vert nytt planforslag handsama av politikarane. Primo 2019 vedtek kommunestyret samfunnsdelen endeleg. Forslag til arealdelen blir lagd ut og sendt på høyring, og det vert gjort endringar ut frå innspel frå aktuelle aktørar og innbyggjarar. I løpet av hausten vedtek kommunestyret den nye arealdelen endeleg.

 

 

Dagens kommuneplan

Kommuneplanen er den overordna planen for Finnøy kommune og omhandlar vesentlege oppgåver og aktivitetar i kommunen.

Kommuneplan for Finnøy kommune 2014 – 2026 omfattar følgjande:

  1. «Kommuneplan for Finnøy 2014 - 2026», samfunnsdel med målformuleringar og handlingsprogram vart vedteke 01.10.2014
  2. Langsiktig arealdel (PDF, 2 MB), føresegner og retningslinjer 2014-2016, vedteke 27.04.2016. Arealdelen viser noverande og framtidig arealbruk i kommunen og omfattar også arealdel, plankart (PDF, 6 MB) og plankart utsnitt Reilstad (PDF, 954 kB)

  

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 02.11.2018
 
Login for redigering