Karin Dokken Austvik ny rådmann i Finnøy kommune

 Karin Dokken Austvik (Gjesdalbuen) - Klikk for stort bilete Kristine M. Stensland

 

Karin Dokken Austvik er tilsatt som ny rådmann i Finnøy kommune. Ho er fødd og oppvaksen i Leikanger i Sogn og Fjordane, og bur på Austre Åmøy. Ho kjem frå stilling som utviklingssjef i Gjesdal kommune, og har tidlegare jobba som seniorrådgjevar i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet, som Organisasjons- og personalsjef i Rennesøy kommune, og som rektor i Stavanger. Karin Dokken Austvik startar i stillinga i januar.

Publisert av Henrik Halleland. Sist endra 15.12.2017
 
Login for redigering