Julehelsing frå ordførar

 Kjære alle saman

 

Ordførar Henrik Halleland (Thor Espeland) - Klikk for stort bilete

Tida går som kjend fort, og no er me atter der at året snart er over og me skal gå inn i julehøgtida. Eg må ærleg talt seia at det kom brått på dette året. Det å driva med politikk er givande, men det hender at utfordringane blir litt i overkant. Dette har vore ein politisk haust som eg vil hugsa resten av livet.

 

For Finnøy kommune er 2018 eit år der fleire viktige prosjekt har starta opp. Utbygging av fiber i store delar av kommunen gjer mogelegheiter for vidare vekst og utvikling på øyane våre. Målet på sikt er å dekkja heile kommunen.

Som fleire sikkert har merka seg er havbruksnæringa eit satsingsområde i  Finnøy. Kommunen jobbar tett med næringa for å skapa vekst og arbeidsplassar.

Gjennom omstillingsprosjektet til Ruben Eggebø har me saman med fylkesmannen sett fokus på jordbruket. Prosjektet har ført til at fleire unge bønder ser potensialet som ligg i eit framtidsretta og moderne jordbruk.
 

Tomatfestivalen er vår store happening. Heile samfunnet er i sving. Også dette året blei festivalen ein suksess. Prominente gjester var til stede og spreia glans over festivalen. Det å få dela ut Finnøy kommune sin kulturpris var ei stor ære for meg. Sidan det var siste gong Finnøy skulle dela ut denne prisen var det ekstra kjekt å få gje den til Marit Meltveit Vignes, ei dame som har bidrege på så mange felt i kulturlivet. Ein typisk Finnøybu. Det frivillige arbeidet er sjølve limet i det vesle samfunnet vårt.
 

Eg vil nytta høvet til å takka alle som bidreg på så mange vis.

Måndag 10. desember sat eg i bilen på veg til Stavanger då telefonen ringde. (Handsfree sjølvsagt). «Hei du, det er kommunalminister Monica Mæland her. Eg vil berre informera deg om at departementet har vedteke å endra kommunegrensa på Ombo slik at heile Ombo blir ein del av Finnøy/Nye Stavanger». Det blei ein hyggeleg samtale, og då eg hadde lagt på måtte eg rett og slett køyra til sides og stoppa. Meldinga var kanskje ikkje så overraskande, men eg trudde tida var ute for den slags endringar. Eg er glad for at heile Ombo blir samla i ein kommune. Det har innbyggarane ønska lenge. Samtidig har eg stor respekt for dei innbyggarane som er godt nøgde med å tilhøyra Hjelmeland. Grensejustering er ein del av kommunereforma. Både Finnøy, Nye Stavanger og Hjelmeland vil gjera sitt beste for leggja forholda til rette for innbyggarane på heile Ombo. Her må me ilag finna gode overgangsordningar.
 

Tenestetilbodet i Finnøy har høg kvalitet -  og det skal me vera stolte av! Dei som gjer dette mogleg er alle dei dyktige fagfolka som står på kvar dag for å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i kommunen. Tusen takk for den innsatsen de gjer!
 

Dette har som sagt vore eit travelt, spanande og spesielt år. Å vera ordførar er i alle fall ikkje keisamt. Reint politisk har denne hausten vore noko heilt for seg sjølv. Eg kunne skrive mykje om den såkalla KRF-saka, men ikkje i denne helsinga. No vil eg heller setja fokus på andre viktig ting; som til dømes ungdomsrådet i Finnøy. Dei hadde pen

gar til overs som dei kunne disponera etter eige ønske. Då valde dei å gje pengane til Finnøy pleie og omsorgssenter. Det gjer meg varm i hjarta å sjå slikt storsinn frå den yngre generasjon. Takk og atter takk.
 

Det er mykje meir eg kunne ha teke med i denne helsinga, men ein gong må ein runda av.

No skal det bli godt med juleferie, og som alltid er det når eg dumpar ned i dei grønmåla benkene i Hesby kyrkje at både skuldrane og julefreda senkar seg. For også i år blir det jul med sin glede.

 

Publisert av Henrik Halleland. Sist endra 21.12.2018
 
Login for redigering