Invitasjon til dialogmøte - landbruk

Arbeidet med kommuneplanen er godt i gang, og sidan LANDBRUK er eit av områda vi særleg skal 
sjå på ønskjer vi allereie no å snakke med dykk som arbeidar i næringa.
Vi inviterer derfor til medverknads- og dialogmøte. 
 

Tid: 25. oktober 18.00-20.30

Stad: Kommunestyresalen på rådhuset

Det vil bli lett servering.

Dialogmøte Land - Klikk for stort bilete

 Agenda for møtet:  

18.00 – 18.20  velkommen/ innlegg om kommuneplanarbeidet med fokus på landbruk 
v/kommunalsjef Hilde Gunn Bjelde og landbrukssjef Silke Ullrich. 
 
18.20 – 18.40  berekraftig landbruk, regionale og nasjonale føringer og forventninger v/Anfinn 
Rosnes ass. Landbruksdirektør.  
 
18.45 – 20.30  samtale over bordet om utvalgte tema:  
  • Kjerneområde landbruk til nytte eller byrde for landbruket?  
  • Berekraftig og sterk landbruksnæring, eller auka busetting, er det nødvendigvis motsetningar?  
  • Kva med tilleggsnæring i landbruket, når næringa veks ut av løa? 
  • Kva er vitsen med kommuneplanen?  
Andre tema kan godt komme opp etter kvart også i møtet. Vi ønskjer å utfordre, lære, og kanskje 
finne fram til nye tankar saman med dykk.  
 
Alle er velkomne! 
Publisert av Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 11.10.2017
 
Login for redigering