Internasjonal eldredag fredag 30. september - velkommen til markering

Alle pensjonistar i Finnøy kommune er velkomne til å vera med på å markere FN–dagen Internasjonal dag for eldre, fredag 30. september.
FN sitt tema 2016 er «Ta eit standpunkt mot Alderisme (aldersdiskriminering)».

Arrangementet er på Utsyn Ungdomssenter, Vikekleiva 22, Judaberg.

Fredag 30. september. Det startar kl. 12.30 og skal vera ferdig kl. 15.30.

 

Hovudtalar:

Berner Meling – pensjonert bonde frå Talgje med masteroppgåva "Folløyvekkelsen” i Ryfylke. Ein analyse av verknader og konsekvensar. Oppgåva handlar om årsaker til at ei kristen vekkingsrøyrsle, med basis i lekmannskristendommen, vaks frem i Ryfylke tidleg på 1900-talet.

Inviterte gjester:

Ordførar / varaordførar held ei kort helsing

Kommunalsjef Helse og omsorg presenterer tema for dagen

Frivilligsentralen
Musikkinnslag. Middag og dessert. Pris kr. 250,-.

Ingvars Reiser spanderer transport mellom kaien og Utsyn for dei som kjem med båt.

 

Transport:

·         Spesialtransport: Har du stor rullestol eller behov for anna spesialtransport, gje beskjed om dette ved påmelding.

·         Pensjonistar frå Finnøy: Møt opp på Utsyn kl.12.30.
Dersom du har behov for transport kan du bli henta heime, gje beskjed ved påmelding.

·         Pensjonistar frå Talgje, Fogn, Byre, Sørbokn, Måløy, Halsnøy, Sjernarøyane og Ombo,: Reis til Judaberg kor de blir henta på kaien av buss frå Ingvars Reiser og køyrde til Utsyn. Retur til kaien tidsnok til å nå båtane heim i firetida.

 

Påmelding til Servicetorget – Finnøy rådhus, innan tysdag 20. september.

Telefon 51 71 47 00, eller epost til post@finnoy.kommune.no

 

Med helsing

FINNØY ELDRERÅD

Publisert av Linda Vestersjø. Sist endra 25.08.2016
 
Login for redigering