Inspirerande pedagogisk samling på Fogn

 I går fekk pedagogisk personale i alle barnehagane i kommunen inspirasjon frå Fogn barnehage ut frå temaet «Landart» eller omsett til norsk, «uteforming». Barnehagelærarane fekk sjølv prøve å lage kunstbileter og andre kreative bileter ut frå naturmateriale i området rundt Rodin Hood skogen.

BeFunky-collage.jpg - Klikk for stort bilete

Barnehagane arbeider no ut frå ein ny rammeplan der det er tydelegare krav til kvaliteten i barnehagane og til rolla som barnehagelærar.

 

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval om barnehagelærarrolla, og pedagogiske leiarar i Finnøy kom med innspel om status og forslag til endringar for å styrkje arbeidet i barnehagen. Ekspertutvalet ønsker nemleg innspel for å foreslå korleis barnehagelærarrolla kan styrkjast og vidareutviklast i framtida, utvalet leverer sin rapport til Kunnskapsdepartementet 01.12.18.

 

Vi hadde også ei økt der vi fokuserte på dei vaksne i barnehagen sitt ansvar for å førebyggje, stoppe og følgje opp utestenging og mobbing. Der vaksne i barnehagen viser omsorgsfull kjærleik til barn i barnehagen, har mobbing dårlege vekstvilkår.

Publisert av Nils Petter Flesjå. Sist endra 25.05.2018
 
Login for redigering