Innbyggjarundersøking - Ombo

Opinion har på vegne av Finnøy og Hjelmeland kommunar gjennomført ei innbyggjarundersøking om kommunegrensa på Ombo i perioden 09.11.2016 – 25.11.2016.

Spørsmåla var:

1. Ynskjer ein at Ombo skal vera i same kommune? ja/nei

2. Kvifor ein kommune ynskjer ein å vera ein del av? Nye Stavanger/Hjelmeland

 

Svarprosenten ligg på 71 %, dette er høg svarprosent samanlikna med tilsvarande undersøkingar. Det er 125 personar som har svart på undersøkinga, 89 personar i Ombo krins (Finnøy) og 36 personar i Vestersjø krins (Hjelmeland).

 

Resultata viser at 92 % av innbyggjarane på Ombo ynskjer at Ombo skal vera samla i ein kommune.

73 % av innbyggjarane på Ombo ynskjer at Ombo skal vera ein del av «Nye Stavanger».

 

Det er likevel klare skilnadar i dei to kretsane:

• I Ombo krins (Finnøy) er det 93 % av innbyggjarane som vel «Nye Stavanger», og 5 % som vel Hjelmeland kommune.

• I Vestersjø krins (Hjelmeland) er det 74 % som vel Hjelmeland kommune, og 26 % som vel «Nye Stavanger».

 

Kommunestyrene i Finnøy og Hjelmeland vil handsame sak om grensejustering på Ombo 14. desember. Dei lokala vedtaka vil deretter verte sendt fylkesmannen for vidare handsaming i kommunereformprosessen. 

Sist endra 01.12.2016
 
Login for redigering