Informasjon om skogbrannen på Ombo

Det har vore skogbrann på Ombo sidan søndag 27. mai. Brannen har vore krevjande med topp- brann på søndag, noko ein ikkje har opplevd sidan Froland brannen i 2008. Mesteparten av arealet brann på nokre timar søndag. Ein forventar å halde på med ettersløkking ut veka, p.g.a krevjande terreng og vær som ikkje er på vår side. Værmeldinga framover er heller ikkje til vår fordel med omsyn til brannen. Heldigvis har vi hatt uvanleg lite vind til no.

 

Onsdag denne veka fekk ein ei oppblussing i brannen om ettermiddag som ei stund trua nokre hytter. Takka være utmerket innsats frå mannskapa greide ein å stoppe den. 60 mannskap frå frivillige, sivilforsvaret og Rogaland brann og redning (RBR)  har gjort ein fabelaktig innsats i tillegg til hjelp frå Hjelmeland kommune m. fl. To helikopter har vore på staden dei siste dagane. Brannområdet er organisert i sektorar og RBR melder torsdag om at dei har god kontroll på brannen. Det er gjennomført informasjon for elevar på skulen og informasjonsmøte for innbyggjarar på Ombo. Det har endå ikkje vore nødvendig med evakuering.

 

Operasjonssentralen for arbeidet er på grendahuset på Ombo. Brann- og redningssjef Nils Erik Hagenrud i Rogaland brann og redning informerer om at innbyggjarar er velkomne til å ta kontakt ved behov.

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 01.06.2018
 
Login for redigering