Informasjon om anleggsarbeid ny slamavskiljar Judaberg

Finnøy kommune har vedteke at dagens store slamavskiljar som ligg ved sjøen nedanfor Finnøy rør skal skiftas ut.

Dette arbeidet startar opp nå i veke 2 og skal etter planen avsluttas innan 20 veker (slutten av mai månad).

Sjølve arbeidet er til dels utfordrande og komplisert då ein må jobbe under havnivå med skiftande høg og lågvatn. Som ein konsekvens av dette må det tidvis utførast nattarbeid for å få gjennomført prosjektet.

 

Entreprenøren LHV Tenester som er eit lokalt selskap vil sjølvsagt gjere det dei kan for å gjere dette arbeidet så skånsomt som mogleg for dei som bur i nærleiken til anleggsområdet, dei har difor lagt opp til eit varslingssystem der dei seinast dagen før eventuelt nattarbeid sender ut varsel på sms til alle naboar som kan verta berørte av dette, ein vil også leggja ut løypande informasjon på kommunens nettside.

 

Dette til orientering.

Publisert av Lars Terje Meland. Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 12.01.2018
 
Login for redigering