Hugs - forbod mot oljefyring av bygningar frå 1.1.2020

Frå nyttår er det forbode å fyre med olje. Eigar av oljetank har ansvar for at fagfolk tømmer og fjernar oljetanken. Du kan få støtte frå Enova ut 2019.

oljetank-wide-foto-oljefri-no.jpg - Klikk for stort bilete

Forbodet gjeld tung og lett mineralsk fyringsolje og parafin, men ikkje biobrensle eller gass. Innan utgangen av 2019 må nedgravde oljetanker tømmast og gravast opp. Alternativt kan du bruke tanken vidare viss du bytter mineralsk olje ut med biofyringsolje.

Unntak:
  • driftsbygningar i landbruket har utsatt frist til 2025
  • fritidsbustadar som ikkje er knytt til straumnettet.

God informasjon om alt, inkludert støtteordninger finn du på Stavanger kommune sine sider.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 23.09.2019
 
Login for redigering